Tak til seriestart?

FURUBAKKEN: Det lenge planlagte taket over ståtribuna til supporterane ser endeleg ut til å verta ein realitet. På seminaret til supporterklubben vart det vedteke å få det ferdig til seriestart, og tysdag kveld var Eivind Martin Elvik og Ole Karsten Solberg i gang med arbeidet.

-Har eg vore stor i kjeften må eg vel berre gjera mitt beste for å få taket ferdig til seriestart - om me så skal stå her til langt på natt kvar kveld, sukkar ein litt lattermild Eivind Martin Elvik. Tysdag kveld fekk han på plass all materialen som skal nyttast - med god hjelp frå medsupporter Ole Karsten Solberg.

-Planen er å få på plass bjelkesko i kveld, og begynna for fulle mugger med bygging i morgon like etter jobb, sa Elvik til vhfk.no i tusmørket på Furubakken. Vi kjem tilbake med meir om denne saka etter kvart...

To litt oppgitte karar i regnveret på Furubakken. Tribunetaket skal helst stå ferdig før laurdag.


Ole Karsten Solberg er med og legg grunnlaget for det nye taket på bunkersen.


Det vert nok mange lange og harde arbeidsdagar for Eivind Martin Elvik denne veka.