Tapte mot Nymark

NYMARK/BERGEN: A-laget tapte gårsdagens bortekamp mot Nymark, og gjekk mållause av bana for første gong denne sesongen. Sjølv om laget hadde ballen mykje, vart det produsert få målsjansar.

Etter ein mållaus førsteomgang bytta begge lag fleire spelarar i pausen, og gjestane frå Valestrand fekk vinden i ryggen resten av kampen. Det regna sidelengs i vindkulene på Nymark, og dei få som hadde tatt turen for å sjå kampen måtte håpa på godt spel å varma seg på.

Sjølv om VH hadde ballen mest, var det Nymark som scora måla i denne kampen. 1-0 kom etter eit hjørnespark som litt for enkelt vart sett i nettet frå kloss hald.

Heimelaget kontra inn eit mål til, og fastsette sluttresultatet til 2-0 over eit VH-lag som fekk lite til framover. Nymark var vel nærare ein større siger enn gjestane var redusering. Keeper Øystein Ygre Skorve varta opp med ein glimrande redning ved eitt høve, og heimelaget hadde minst ein stor sjanse til mot slutten.

Nokre positive ting var det å spora på Nymark i går. Pål Tufta spelte halvannan omgang i si nye rolle som stoppar, og viser allerede at han har tatt opp kampen om ein startplass på serielaget som skal takast ut om ein drøy månad.

Valestrand Hjellvik spelte utan mellom anna Garden, Lenning og Rørstad i denne kampen.