Tilbake til Telavåg

A-laget til Valestrand Hjellvik reiser til Telavåg i morgon for å spela sesongens første bortekamp. For mange av supporterane vert dette ei nostalgisk reise tilbake til der det heile starta.




Laurdag 14. september 2002: Telavåg - Valestrand Hjellvik 2-2

Bergens Tidende var med i supporterbussen utover den gongen, og 23. sept. same år stod det ei heilside i avisa om den friske gjengen frå Valestrand som følgde laget sitt i 4. divisjon. Dette var det første verkelege nyhetsoppslaget om supporterklubben. Bildet av siluettmannen med hatt framfor den grønne bana har sidan den gong vore som eit symbol for supporterane på Valestrand.

I år feirer Valestrand Hjellvik Supporterklubb (VHSK) 10-årsjubileum, og det er difor litt artig at akkurat Telavåg er motstandar denne sesongen. A-laget skal kjempa om nye seriepoeng, og supporterane skal setta sitt preg på oppgjeret. Telavåg har også mykje folk på sine heimekampar, og det bør bli ei fin ramme rundt kampen.

Kampen startar kl. 15.00.