To frå Thomassen

FURUBAKKEN: Loddefjord-dødaren Øyvind Thomassen vakna frå scoringsdvala si og scora sine to første for sesongen mot raudtrøyene i helga. I tillegg banka Morten Frøland inn sitt første og heimelaget gjekk til pause med 3-1. Sjå høgdepunkt frå kampen her.


VIDEO: Sjå høgdepunkt frå kampen her


Loddefjord fekk ein pangstart på oppgjeret med scoring etter knappe 40 sekund. Stian Stenehjem sitt frispark fekk gå uforstyrra gjennom feltet og rett i nettet bak keeper Skorve.
Samtidig begynte ei kraftig snøbyge å plaga spelarar og publikum på Furubakken.

Heimelaget får straffe i det 14. minutt etter at Kristoffer Bognøy vert lagt i bakken av Loddefjordkeeperen. Gjestane er ikkje heilt enige i den avgjersla, men oppnår berre eit gult kort i sine protestar. Øyvind Thomassen gjer som vanleg ingen feil frå 11 meter, og det står 1-1. Akkurat då lettar snøbyga, og det klarnar opp igjen på Furubakken.

Eit lite kvarter seinare sender Jonas Hauge eitt av sine lange innkast inn i feltet, og Morten Frøland bankar ballen i nettet med venstreslegga si. Dermed har heimelaget enkelt snudd kampen som starta så dårleg for dei.

Stig Hopsdal var involvert i mykje på midtbana i første omgang, og var mannen bak frisparket som førte til 3-1 like før pause. Hopsdal viser til tider glimt av at han har kvalitetar, og han har spelt seg opp etter ein litt treg start i VHFK-trøya.
Øyvind Thomassen dunkar frisparket frå 18 meter i nettet via stolpen, og gleda er stor på Furubakken. No har heimelaget full kontroll over eit tafatt Loddefjordlag.

I andre omgang startar heimelaget med tre bytter. Magnus Garden, Are Bryhn og Sigve Rørstad kjem inn, og publikum ventar seg målkalas.
I staden er det gjestane som får komma inn i kampen igjen. Først får dei straffe som ser minst like billig ut som heimelaget sitt før pause. Dommaren skal ha sagt at det var ein VH-spelar som var borti ballen med handa, og sjølv om det ikkje viser på tv-bildene stemmer det sikkert.

Stian Stenehjem scorar sitt andre for dagen frå straffemerket. Drøye fem minutt seinare får Loddefjord utlikna etter at keeper Skorve feilreknar eit innlegg. Dermed har gjestane fått komma tilbake i ein kamp VH har fullstendig kontroll på.

Utover i omgangen har begge lag store sjansar til å avgjera, men heimelaget er heilt klart best. Loddefjord sine sjansar kjem frå lange ballar inn mot heimelaget sin keeper, og det oppstår farlege situasjonar.

Både Garden, Bognøy, Lenning, Rud, Rørstad og Gaute Hauge har sjansar til å avgjera denne kampen, men ballen vil ikkje inn denne gongen.

På overtid vert kanskje heimelaget snytt for straffe, men ein litt usikker linjemann vinkar for ein offside som ikkje finst. Dermed endar det 3-3 på Furubakken.