To nye spelarar klare

Valestrand Hjellvik signerte mandag to nye spelarar. Gaute Hauge kjem frå Voss og har vore kaptein på 3. divisjonslaget dei siste sesongane. Han blir ein solid tilvekst i forsvarsfiraren til VHFK.<br /> I tillegg har dei nye trenarane sikra seg ballteknikaren Alberto Kogano frå Estland som har fleire ungdomslandslagskampar for heimlandet sitt. No skal han leika seg på kanten til VHFK og få fram humøret på tribuna med fintar og triks.

- He`s my boy!!! seier ein oppglødd trenar Nilsson om nysigneringen Alberto Kogano. Han er eit fantastisk talent på 18 år. Han blir ein "hit" på furubakken.

Gaute Hauge (26)valgte VHFK denne sesongen etter fleire sesongar i FK Voss i 3. divisjon. Han er ein robust midtstoppar som er svært målfarleg når han bevegar seg framover på bana.


Spelarar og trenarar var samla på Kjellarn Sportspub mandags kveld til årets første spelarmøte.Det nye trenarparet la fram sine visjonar og håp for 2012-sesongen og spelargruppa lytta og noterte. Etter møtet var det klart for signering av Hauge og Kogano. I tillegg fekk formann Ove Håland underskrifta til ein fornøyd Magnus Garden som ser fram til ein heil sesong i VH-drakta.
Mens dei nye spelarane og trenarane vart interjuva av VTV nytta fjorårets midtbanemotorar Tom Sivertsen og Øyvind Thomassen muligheten for eit slag biljard. Det vart tilslutt Mr. Thomassen som kom seirande ut av den duellen då Sivertsen kludra det til for seg sjølv med å få den svarte kula ner i feil hol.