Uavgjort mot Hovding

FURUBAKKEN/VALESTRAND: Her har Lowell Brooks akkurat utlikna for heimelaget mot divisjonskollega Hovding på Furubakken i dag. I ein forholdsvis svak kamp var uavgjort til slutt eit greitt resultat.

Etter ein drepande kjedelig førsteomgang i solskinet på Furubakken, vart det nokre hakk meir fart etter pause. Gjestane frå Breistein fekk banka inn sitt mål midtvegs i omgangen etter eit hjørnespark, medan heimelaget venta til sluttminuttane før dei vakna. Trenar Thomas Tennebø entra sjølv bana 8 minuttar før slutt, og det var kanskje med å vekkja spelarane.

Uansett vart Hovding lagt meir under press, og det varte ikkje mange minuttane før Lowell Brooks enkelt kunne breidsida ballen i nettet etter ei lita kanonade mot Hovdingburet.

Like etter hadde Kristoffer Bognøy ein eventyrleg sjanse til å ordna siger for VH, men åleine med keeper vart tilslaget litt for hardt til at han fekk putta ballen i nettet.

Uavgjort var eit ok resultat i denne kampen, sjølv om begge lag hadde sjansar til å vinna. Keeper Øystein Ygre Skorve heldt heimelaget inne i kampen med eit par gode redningar etter pause.

VH stilte utan fleire av spelarane som ville ha starta dersom dei hadde vore tilgjengelege, og med seriestarten drøye to veker unna er det fleire på Furubakken som set si lit til at laget vil prestera langt betre når alvoret startar.