Uavgjort mot Sotra

STRAUME IDRETTSPARK/SOTRA: Valestrand Hjellvik spelte ein god førsteomgang, og gjekk til pause med tomålsleiing i treningskampen mot Sotra. Etter pause fekk heimelaget komma tilbake. Sjå høgdepunkt frå kampen her.

VIDEO: Sjå høgdepunkt frå kampen her

Kampfakta

Sotra - Valestrand Hjellvik 3-3
Straume Idrettspark
Publikum: ca 100

0-1 Bognøy (17)
1-1 (25)
1-2 Bognøy (27)
1-3 sjølvmål (42)
2-3 (55)
3-3 (84)

Kristoffer Bognøy opna 2012-målkontoen sin med ei typisk Bognøyscoring etter 17 minuttar, etter eit glimrande framspel frå prøvespelaren Broks. Sotra utlikna etter 25 minuttar etter eit langt utspel frå keeper som ikkje vart klarert.

To minuttar seinare spelte gjestane ball i hatt med blåtrøyene. Nesten 20 trekk før Alberto Kogano fintar vekk ein Sotraback, og legg inn til Bognøy, som enkelt kan putta sin andre ball i Sotranota.

Unge Kogano var også sterkt delaktig i den neste scoringa. Tre minuttar før pause la han eit av sine glimrande hjørnespark, og ein Sotraspelar vart pressa til å setta ballen bak sin eigen keeper.

Etter pause kom Sotra høgare på bana, og pressa gjestane meir. Ti minuttar ut i omgangen kunne dei utnytta rot i VH-forsvaret, og eit lykketreff frå drøyt 20 meter sørga for redusering.

Andre omgang vart etter kvart prega av mange bytter, og det til tider flotte spelet frå første omgang vart meir fråverande. Seks minuttar før slutt fekk heimelaget straffe, og utlikninga var eit faktum.

Mange positive ting å henta frå denne kampen var det. Før pause viser VHFK at dei kan verta sterke i år, spesielt sidan dei mangla fleire spelarar som alle på papiret er i startoppstillinga.
Stallen ser svært styrka ut, og dei nye spelarane viser seg fram gong på gong.