Ute av cupen

FURUBAKKEN/VALESTRAND: A-laget vart eit lite nummer for små i cupkvaliken mot fjorårets 2. divisjonsjumbo Austevoll. Heimelaget hang godt med i halvannan omgang, men oransjetrøyene vart til slutt for sterke og kom seg greitt vidare i cupen.

Det stod 0-0 til pause, etter ein forholdsvis jamn førsteomgang. Heimelaget opna friskt etter kvila, men det var gjestane som kontra inn leiarmålet berre tre minuttar ut i omgangen.
Valestrand Hjellvik hadde fleire store sjansar, men ballen ville ikkje trilla heimelaget sin veg i denne kampen. I staden var det gjestane som fekk dobla leiinga, og dermed såg det mørkt ut for Furubakken-laget. Det enda til slutt med 0-3, og Austevoll vidare til neste runde. For Valestrand Hjellvik er cup-eventyret over for denne gong, og dei kan konsentrera seg fullt og heilt om serieopninga mot NBK på laurdag.