Vert dei ferdige?

FURUBAKKEN: Vi fylgjer byggeprosessen på bunkersen dag for dag fram mot seriestarten, og onsdag kveld har det byrja å visa litt etter arbeidsfolka.

-Me ligg nok dessverre litt etter framdriftsplanen eg har sett opp, innrømmer bygningsleiar Eivind Martin Elvik seint onsdag kveld. Han står åleine att og gjer klar til morgendagens økt, etter at dei to medhjelparane Ole Karsten Solberg og Kristian Birkeland har reist heim for å sjå favorittlaget tapa for Wigan på tv.
-Dei kan jo ikkje hjelpa for at dei har vald seg feil klubb å halda med stakkars, humrar Elvik mellom smella frå spikarpistolen.
Det er no berre to kveldar att før seriestarten, og Elvik ser at det vert knapt med tid. -Taket skal stå ferdig til kampen, om eg så skal starta klokka sju laurdagsmorgonen også.

Kristian Birkeland og Ole Karsten Solberg er gode medarbeidarar i Team Bunkerstak 2012.


Eivind Martin Elvik er mann for sine ord, og skal ha taket ferdig til laurdag uansett.


Det byrjar å visa etter bygningsarbeidarane på Furubakken etter onsdagens økt.


-Detta går seg te da ja, sakta da ja. Dugnadsleiaren gav seg ikkje på bunkersen før klokka nærma seg 22 onsdag kveld.