VHFK 2 - Lindås i kveld

FURUBAKKEN: Valestrand Hjellvik sitt B-lag kjempar for sin tredje strake siger på Furubakken i kveld. Motstandar er Lindås, som ligg heilt i botn av tabellen. Kom og sjå gamle og nye heltar frå kl. 19.30.

B-laget har fått ein god start på sesongen i 7. divisjon, og spelar om sin tredje trepoengar i kveld. B-trenar Henrik Nygaard stiller ein god tropp til kampen, der også fleire frå A-stallen er med. Stortalentet Alberto Kogano, som har U-landskampar for Estland, får sannsynlegvis sin heimedebut for klubben i kveld. I tillegg er Valestrands nye stjerneskudd Magnus Bru Reigstad klar for meir kamptrening denne helga, sidan han berre spelte siste kvarteret for A-laget mot Gneist på fredag.

Ta turen til Furubakken i sommarveret og sjå Valestrands unge og gamle stjerner mot Lindås.

Valestrand Hjellvik 2 - Lindås

Kampstart 19.30