VHFK 2 på tabelltoppen

FURUBAKKEN: VHFK 2 tok nok ein viktig siger på Furubakken søndag kveld. Motstandar var Stil FK, og heimelaget gav seg ikkje før det stod 5-0 i protokollen. No tronar B-laget på tabelltoppen med fem strake trepoengarar.

KAMPFAKTA 7. DIVISJON AVD. 2

VHFK 2 - Stil FK  5-0 (1-0)
Furubakken, ca 40 tilskuarar
Dommar: Arne Njøten, Brann
Mål:
1-0 Daniel Johansen
2-0 Pål Kjetil Tufta
3-0 Simon Hauge
4-0 Jonas Hauge
5-0 Aleksander Lenning


Både Gulen og Masfjord har like mange poeng som VHFK 2, men dei har begge spelt ein kamp meir enn laget frå Furubakken. VHFK 2 har slått begge dei to opprykksutfordrarane, og har dermed sikra seg eit formidabelt utgangspunkt for haustsesongen. Det gjenstår to kampar for dei svarte og kvite før ferien, og sjansen er god for å ta ferie utan tap.

Henrik Nygaard er suksesstrenaren som er på god veg til å klara det ingen før har makta - å ta B-laget opp i 6. divisjon. Sjølv om det gjenstår mange kampar før det målet er nådd, ser det unekteleg svært lyst ut for Nygård og hans menn akkurat no.

Neste kamp for B-laget er borte mot Marken førstkommande søndag, medan Fedje kjem på Furubakken-besøk søndagen deretter.