VHFK 2 vann serien

FEDJE: VHFK 2 gjorde jobben sjølv i dagens borteoppgjer mot Fedje, og er dermed serievinnarar i årets 7. divisjon avd 2. Neste søndag vert det KM-kamp på Furubakken mot bylaget Sleipner.

KAMPFAKTA 7. DIV AVD 2

Fedje - VHFK 2  0-5 (0-2)
Fedje Grus
Dommer: Kanagaratnam Nagendran, Åsane Fotball Gutter
Mål:
0-1 Daniel Johansen (21)
0-2 Daniel Johansen (26)
0-3 Magnus Opheim (55)
0-4 Magnus Opheim (65)
0-5 Emil Hosøy (75)

Seriemeister-rival Gulen fekk walkover og 3-0 heime mot eit Flaktveit 2 som ikkje greidde å skrapa saman lag til å reisa nordover i dag. VHFK 2 måtte dermed vinna bortekampen mot Fedje for å gå til topps i serien. På ei ujamn grusbane tok det litt tid for gjestane å gjera seg kjende med underlaget, men dei hadde stålkontroll på kampen frå start til slutt mot eit etter kvart svært frustrert heimelag.

Valestrandsgutane spelar god fotball så godt det lar seg gjera på dette underlaget, og skaper fleire store sjansar i starten av kampen. Likevel har klokka passert 20 minuttar før det første målet er eit faktum. Høgreback Kristian Håland sender eit langt oppspel mot Daniel Johansen, som vartar opp med eit mottak av frekkaste sort. Med ryggen mot mål flikkar han ballen over sin motspelar på første touch, og klinkar kula i mål på volley medan Fedjeforsvararen tumlar svimmel rundt på grusen og leitar etter VH-spelaren. Dermed har Johansen banka inn sitt 16. mål for VHFK 2 denne sesongen og ligg godt an i toppscorarkampen mot Magnus Opheim. Begge stod med 15 scoringar før denne siste seriekampen.

Berre fem minuttar etter scoringa er Daniel Johansen igjen frampå og doblar leiinga for gjestane. VH får frispark på ca 20 meter, og Johansen legg ballen hardt rundt muren og i nettet heilt nede ved stolpen. Dermed står det 0-2, eit resultat som står seg til pause.

Heimelaget verkar endå meir umotiverte etter pausen, og dei byrjar å bruka ufine metodar for å stoppa gjestane sine. Fedjespissen sparkar etter motstandaren i alle duellar han taper, og er heldig som slepp unna med berre eitt gult kort.

Så vaknar scoringsdyret i Magnus Opheim. Ti minuttar ut i andreomgangen vert han spelt fint gjennom, og set ballen enkelt forbi keeper heilt nede i hjørnet. Ti minuttar seinare kranglar han ballen med seg gjennom Fedje-forsvaret, og det endar med at ein forsvarar klarerer ballen via Opheim og i nettet. Dermed er dei to toppscorarane begge oppe i 17 serienettkjenningar. Johansen har spelt 15 kampar, medan Opheim berre har brukt 10 kampar på å putta 17 ballar i nettet.

Kvarteret før full tid er det Hosøy-show på Fedje. Han går ut for å ta eit hjørnespark, og like etter at ballen har starta si ferd mot Fedje-målet kjem det ei høglytt melding frå cornerskyttaren om at ballen kjem til å gå rett i nettet. Få sekund seinare skrur ballen seg inn bak nærmaste stolpe - like oppunder tverrleggjaren. Nok ei utsøkt delikatesse-scoring som føyer seg inn i ei etter kvart fin samling frå den Hosøyske fot.

Det endar med fem scoringar for den glade B-gjeng denne gongen, og det er meir enn nok til å dunka all motstand til sides og innkassera tre poeng for 14. gong denne sesongen. Det er ein uhyre sterk prestasjon av denne gjengen, og både spelarar og trenar Henrik Nygaard fortener all mulig ros for å ha nådd dette målet for klubben.

Neste søndag startar kampen om KM-tittelen, der VHFK 2 møter Sleipner Sportsforening heime på Furubakken. Vinnaren frå den kampen går til KM-finale. Dermed ser det ut til at vi får minst ein bonuskamp denne hausten.