Viktig seier mot Lyngbø

Valestrand Hjellvik vann 2-0 over Lyngbø i kveld og er tilbake på vinnarsporet. Ein fantastisk 1. omgang la grunnlaget for seieren. Stig Hopsdal ordna 1-0 med ein herlig scoring etter 23 min. VH hadde full kontroll på eit tafatt heimelag, men etter pause snudde det totalt.

Lyngbø kom på bana etter pause som eit heilt nytt lag og klarte å pressa VHFK tilbake på bana. Ein svært god Robert Eikeland i VH-buret tok det som kom av skudd og Torgeir Rud i midtforsvaret rydda unna i god stil. Heilt mot slutten av kampen kom det eit klasseangrep av Valestrand Hjellvik. Ballen havna tilslutt hjå innbyttar Magnus Bru Reigstad som enkelt banka ballen i mål frå sekstenmeteren.

Kampfakta:
Lyngbø - VHFK 0-2 (0-1)
0-1 Stig Hopsdal 23`
0-2 Magnus Bru Reigstad 89`

Lyngbø - Valestrand Hjellvik kl. 1900