Cup er cup

Søndag 17. mars sparkes sesongen i gang på Furubakken. Det er klart for 1. kval. runde i NM - 2013. Motstander er fjorårets seriemester i 4. divisjon, Lysekloster. Kampstart er kl. 1300. Møt opp i god tid å få med deg all moroa på Furubakken. Her kan det bli både ekstraomganger og straffekonk.

Valestrand Hjellvik - Lysekloster
1.Kvalifiseringsrunde til NM-2013
Furubakken Stadion
Kl. 13.00

A-laget har lagt bak seg ein lang oppkjøringsperiode med Rayner Nygård som sjef på Furubakken. Det har vore god innsats på treningane, men treningskamper har det vore dårleg med. Fleire kampar har blitt avlyst pga kulde og andre årsaker. VHFK møtte Tertnes i februar og tapte heile 9-2 mot effektive 3. divisjons-spissar. Denne veka vart det 2-2 mot eit forsterka juniorlag frå Osterøy etter at Thomas Røskeland utlikna i siste minutt.

Bortelaget må nok finna seg i å vera skyhøge favorittar i morgondagens kamp, men i cupen kan alt skje. I seriekampen mot Lysekloster i fjor stod det uavgjort 2-2 då kampuret bikka 90 minutter, men i kampens siste sekund klarte bortelaget å få inn seiersmålet. No er det tid for revansj på Furubakken. No er det cup og som alle veit; cup er cup!!!

Heia Valestrand Hjellvik!!! Møt opp og få med deg ein spennande sesongstart søndag 17. mars kl 1300.