Lovande jenter treng trenar

Jenter 10-laget til Valestrand Hjellvik treng trenar. Dei er ein gjeng på rundt 15 lovande fotballspelarar og seriestarten nermar seg med stormskritt. Har du lyst på jobben?

Vil du trena oss ?

Meget lovande småjenter - Jenter 10 - søkjer etter trenar. 

Me er ca. 15 veldige snille og kjekke jenter som manglar hovudtrenar til laget vårt. Er det nokon kjekke jenter eller gutar / kvinner eller menn som har lyst å trena oss? Det er ein fordel at de har spelt fotball sjølv, men det er absolutt ikkje noko krav. Det viktigaste er at de har lyst å hjelpa oss og klubben med å vera trenar. Me har leita heile hausten og vinteren etter ein trenar som kan ta hovudansvaret for oss. Me har foreldre som vil vera med å hjelpa til - og vera hjelpetrenarar!

Me er eit veldig lovande lag som kan verta veldig gode om me berre får ein trenar! Det må då vera nokre gamlefotballspelarar - stjerner - som har lyst å hjelpa oss?
Klubben sender deg gjerne på trenarkurs m.v. om du ynskjer det!

Ta kontakt til Rune Heradstveit, 90753459 om du har lyst å vera trenar - men også om du har lyst å vera hjelpetrenar.