Seier i bygdakampen

Det vart tre nye poeng i gårsdagens lokaloppgjer mot Osterøy. Etter ein litt famlande start kom Rayner Nygårds menn for full maskin etter pause og valsa over Osterøy. Før det var gått eitt minutt av andre omgang var Jonas Hauge gjennom og dundra ballen centimetrar utanfor. I neste angrep vart Pål Tufta lagt i bakken på ein klønete måte og dommaren hadde ikkje anna valg enn å peika på straffemerket. Den sette Mats Solberg sikkert i mål, og festen var i gang.

No var heimelaget skikkeleg på hugget, og ti minuttar seinare kom Simen Kallekleiv på eit vanvittig løp og banka inn det perfekte innlegget frå Jonas Hauge. Dermed var det 2-0 til Valestrand Hjellvik og stemninga på tribuna steig til nye høgder. Mot slutten av kampen var Osterøy på fleire farlege visittar og seieren var ikkje sikra før Kristoffer Bognøy heada inn 3-0 i det 89. minutt. Øyvind Øvsthus på bortelaget klarte det kunststykket å pådra seg to gule kort i løpet av eitt minutt heilt på tampen av kampen, og fekk dermed marsjordre frå den gode og stødige dommaren. Valestrand Hjellvik er no oppe i 12 poeng og har fått ei luke på 5 poeng til Osterøy med ein kamp mindre spelt. Heilt på toppen av tabellen ligg NHH som kun har eitt tap i år - mot nettopp Osterøy. 
Kristoffer Bognøy tronar øverst på toppscorarlista med 4 mål, saman med Hatlevoll (Sandviken) og Vågenes (NBK)
Allereide på lørdag er det ny kamp mot Trio. Kampen går på Husnes og VHFK har sett opp buss til kampen. Har du lyst på ein tur er det berre å melda seg på.

KAMPFAKTA 4. DIV. AVD. 1

Valestrand Hjellvik - Osterøy 3-0 (0-0)
Furubakken Stadion
Dommar: Bjørn-Kjetil Olsen, Hovding
Ass. dommarar: Svein Føllesdal og Helge Føllesdal, Åsane fotball gutter
Mål:
1-0 Mats Solberg 47 min
2-0 Simen Kallekleiv 58 min
3-0 Kristoffer Bognøy 89 min

Lagoppstilling VHFK:
1. Robert Eikeland
2. Kalle Fiskå
3. Simen Kallekleiv 1 mål Banens Beste
4. Torgeir Rud
5. Morten Frøland Gult kort
6. Kristoffer Bognøy 1 mål
7. Tom Sivertsen Gult kort
8. Mats Solberg 1 mål
9. Magnus Bru Reigstad
10. Jonas Hauge
11. Pål Tufta
________________________
Benytta reservar: Daniel Johansen, Henrik Horsås, Øyvind Tysse, Simen Fjørtoft

Lagoppstilling Osterøy:
1. Mathias Riple
19.Anders Hatland
16.Eirik Øvsthus
15.Joachim Solberg
9. Øyvind Øvsthus Raudt kort
6. Kim Solberg
23.Martin Hole Hanstvedt
7. Stian Aasheim
14.Torbjørn Hovden
5.Thomas Strøm Langeland
8. Ørjan Bysheim Gult kort