Tapte på straffer

Finalen i Osterøycupen mellom Osterøy og Valestrand Hjellvik vart spelt på Hatland i dag. Etter eit kvarter tok Osterøy ledelsen, men minuttet etter utligna Øyvind Tysse for VHFK. Osterøy scorte to gonger på frispark før pause og leda dermed komfortabelt 3-1

I andre omgang økte heimelaget til 4-1 og det heile såg avgjort ut på Hatland. VH-trenar Rayner Nygård kasta innpå Øyvind Tysse att i håp om å snu kampen. 
Tysse la seg på topp i lag med ein god Jonas Hauge og dei fekk laget med seg. Først reduserte ein hardtkjempande Øyvind Thomassen på straffe før samme mann dukka opp og banka inn 4-3 etter nydelig innlegg frå Jonas Hauge. No var det for alvor spenning igjen på Hatland. I kampens siste minutt dukka forsvarskjempa Thomas Røskeland opp foran mål og krangla ballen i mål. Dermed stod det 4-4 i finalen som dermed gjekk til straffekonk. Morten Frøland brente sitt skudd, medan Mads Solberg og Frank Hansen satte sine sikkert i mål. Osterøy scora på alle sine straffer og fekk dermed eit nytt napp i vandrepokalen. Vi gratulerer OIL med seieren i årets cup.
Hausvik tok bronsen etter straffedrama mot Fotlandsvåg. (Kampen endte 2-2)