Gjekk Osterøy rundt i sommer ferien i fjor

3 jenter frå Valestrand Hjellvik sitt berykta jenter 14 lag kjeda seg sommarn i fjor når det ikkje vart Norway cup det året. Jenter i den alderen har ein tendens til å ikkje kjeda seg så lenge før dei finn på noko.

For Anna Mathilda Øsleby, Susanne Tveit og Sanna Håland endte det heile med ein 6 dagars tur rundt på Osterøy med telt i sekken.

Me har på facebook "intervjua" jentene, og me stilte følgande spørsmål:

1. Korleis kom de på ideen om å gå rundt på Osterøy og overnatte i telt?

2. Korleis har turen vore, har det vore bra vær etc.?

3. Er det noko de husker spesielt godt frå turen?

4. Har de vore gode venner heile tida, eller er det vorte litt lei tryne på kvarandre :) ?

5. De har gått øve 7 mil eller 70 km, har det vore tungt nokre gonger?

6. Har de oppdaga nokre kjekke plasser de ikkje visste om?

7. Kjem de til å gjera det same igjen, evt. noko lignande?

8. Kva har de ete?

9. Dersom de er noko de ønsker å fortelja så skriv de det her !

 Alle jentene har ikkje svart på alle spørsmåla, men i samme rekkefølge som over så svarte dei slik:

Anna Mathilda Øsleby:

2: Det har vore heilt fantastisk tur, men litt dårleg vær.

3: Eg husker veldig godt katten som fulgte etter oss frå Reigstad til Haus, og at me bada på Hjellvik.

4: Me har vore ganske gode venner men me var litt lei kvarandre på Hauge men det gjekk over når me kom til Vevle :)

5: Det var ikkje så langt å gå, men me vart veldig trøtte etter at me gjekk frå Lone til Hjellvik

7: Me har snakka om at det kanskje skal bli ein tradisjon

8: Me har ete skjeve og grilla mat på eingongs grill

Susanne Tveit:

2: Været har vore opp og ned, mest ned. Men turen var heilt fantastisk.

3. Eg husker spesielt godt katten som fulgte etter oss frå Valestrand heilt til Haus, og at me måtte kjøra den heim att dagen etter.

4. Altså...... Me er jo bestevenna alle tre, men eg har til tider vore ganske lei av enkelte småting :)

5. Ja, Det har vore tungt nokon gonger, men lettare enn eg trudde før me starta.

7. Ja, eg har veldig lyst til å gjera det igjen.

Sanna Håland:

2. Den har vore heilt fantastisk, sjøl om me nokon gonger var i rimelig dårlig humør :)

3. Eg husker spesielt godt turen øve fjellet til Haus, det var ein veldig fin tur. Og å bada på Hjellvik var kjempe kjekt! Og spesielt å grilla på eingongsgrill kvar dag, smakte kjempe godt!

4. Me har klart oss heilt fint, men me har ikkje sove så godt og derfor komme i litt dårlig humør. Og å krangla, det er noko alle tre er flink til så det har ikkje vore fritt for det heller.

5. Nei, egentlig så har det berre vore kjekt! Men turen til Hjellvik husker eg som veldig slitsom på slutten.

6. Ja, eg har aldri bada på Raknes før, der var det veldig fint.

7. Eg veit ikkje heilt, me diskuterte på turen om dette skulle bli ein tradisjon kvart år. Men det er ikkje sikkert me gidd :)