Lagbilde Jenter 2000

Jenter 14 "Live" på TV2

Når jenter 14 mandag 28.juli kl. 11.00 spelar kamp mot Viking i Norway Cup, går kampen direkte på TV.

Det er TV2 Sportskanalen og Sumo som viser kampen direkte på TV. Etter det vhfk.no kjenner til er det første gong i kommunen vår at eit lag spelar ein fotballkamp som vert direkteoverført på landsdekkande TV.
Etter det me veit så reiser jentene til Norway cup i morgo (lørdag) tidlig, og i tillegg til Viking skal jentene møte Abildsø og Notodden i innleiande runder.
Vhfk.no satser på at det vert som i Åsane Cup tidlegare i år, heile "bøtto" vert med heim att til Valestrand.

Me ynskjer jentene lykke til i Oslo og oppmoder alle om å følge dei på tv eller internett.

Her er link til nettstadar som skriver om TV-kampen:

http://www.osteroy.kommune.no/vhfk-jentenes-norway-cup-kamp-paa-tv2.5539467-299036.html
http://www.tv2.no/a/5809153
http://www.norwaycup.no/Nyheter/Hva-skjer-a/