Vel blåst - 9 fjellstur!

Årets vinnarar; Håkon Bru Reigstad og Ingri Mjelde Birkeland. Sjølsagt......gjennomførte ein på søndag, så er ein også ein vinnar!

Til tross for noko utfordrande ver- og føreforhold var det 38 godt fornøyde sprekingar som gjennomførte årets 9-fjellstur.  I år, som tidlegare, var det tre alternative ruter å velja mellom; 3, 6 og 9 fjell. Dei aller fleste valgte det lengste alternativet som tok mellom vel tre timer og vel sju timer frå start til mål. Sjøl om me denne dagen gjekk inn i vintertida kom alle vel  (og heil) i mål før det vart mørkt.

Årets vinnara hadde eit voldsomt tempo i dei våte og tunge løypene.  Håkon Bru Reigstad vann herreklassen med den imponerande tida 3:16 (4 min. frå rekord), medan Ingri Mjelde Birkeland satte ny rekord for kvinner med tida 3:40. Dei får med seg kvart sitt gåvekort frå Sport 1 Åsane. Gratulera begge to! 

Takk til:

  • Drange Murmesterforretning for lån av lokale til registrering og mottakelse av deltakarane. Her var det fyr i peisn og kaffi på kjelen.
  • Sponsorar
    • Eiendomvest - hovudsponsor
    • Lerøy Fossen - premier
    • Osterøy Outlet - premier
    • Sport 1 Åsane - premier